20140203-145751.jpg

Kursdeltakarane i ivrig samtale om formidlingsrolla som kristne lærarar.

Måndag 3. Februar var lærarar frå dei kristne skulane i Møre og Romsdal samla til kurs. David I. Smith frå Kalvin College i USA var gjesteforelesar og hadde fått temaet «Skule og pedagogikk i kristent perspektiv».

Dette vart ein viktig og flott dag med fokus på den kristne skulen. Ikkje minst er det viktig at lærarar frå ulike skular kjem saman og deler erfaring og får ny kunnskap. Her var folk frå begge Møre-skulane, Borg, Molde friskole, Vestborg og Sunnmøre folkehøgskule.
Takk til Møre Herøy for eit flott tiltak!