Den årlege Barnekorfestivalen på Brusdalsheimen vart ei kjempefin helg for både små og store.

Årets gjest og instruktør var Bjarte Leithaug. Han hadde med seg mange fine songar, mange om Jesus, nokre om andre viktige ting, og nokre sangar som vi berre song for gøy. Bjarte har ein fin måte å kombinere glad sang og formidling av trua på Jesus.

Omlag 50 born og ein del vaksne var med på helga som vart avslutta med konsert på Blindheim bedehus søndag ettermiddag. Bedehuset var nesten fullt og det vart ei flott stund for både små og store.

Klikk på lenka under – og du får både sjå og høyra barnekoret og Bjarte.

Film Barnekorfestivalen 2019