Bilde Jubileumsfest Borg 2014

 

 

 


Elevkoret på festen.

Laurdag 27. september var 250 festkledde Borgvener samla til stor jubileumsfest. Frå eit rikhaldig program kan vi nemne at vi fekk festtale ved rektor på NLA, Bjarne Kvam, sang av ikkje mindre enn 3 kor knytta til Borg, helsingar frå politikarar og andre innbedne gjester og kåseri ved Steinar Farstad. Korte tidsbilder frå ulike epokar i skulen si historie vart illustrert som opptredenar frå årets elevar og batt det heile saman. Festen vart godt leia av rektor Sven W. Sæther og lærar Oddgun H. Ervik.

Frå tidlegare rektor Harald Myklebust har vi fått eit dikt som uttrykker takknemligheit for festen og for det gode arbeidet som blir gjort på Borg:

            Borg i hundre !!!

Ein trong ikkje fyrverkeri for slik fest
som Borg arrangerte, der vi kom som gjest.
I tonar og song i eit samspel så flott,
fekk sjela ein «opptur». Det gjorde så godt !

Med velpynta festsal og mat som var topp,
var alt lagt tilrette for sjel og for kropp.
Eit hundreårslag av det flottaste slag,
gav løftning og mot til ny arbeidsdag !

Med Ordet og songen, med kunnskap og flid,
må ungdom få møte «seg sjølv» og få tid
til oppdage LIVET, som set dei i stand
med alt det dei ER, som dei HAR, – og dei KAN !

Ein skule, med reise heilt inn – i seg sjølv.
Med synet for andre, – i buss og på kjøl,
 i fly, –  til dei fjernaste rike og land,
gir utsyn og innsyn og ekte samband !

Takk alle på «Borg» for den festen de gav !
Må den gi dykk frimot og syn for dei «krav»
om ligg der i kjømda, – som er meire enn strev.
For Kristus gir kraft, langt meir enn han krev !

 Harald M