ImF Sunnmøre og NLM går sammen om VEKST

ImF Sunnmøre og NLM Region Nordvest har inngått samarbeid om fellesskapsutviklingsarbeidet VEKST.

Tekst: Steffen Stensland

Våren 2020 startar ein ny runde med VEKST i Møre og Romsdal. Dette etter ein gjennomført runde i 2017-2019 kor fire fellesskap knytt til NLM har vært gjennom denne prosessen. Det som er annleis denne gangen er at IMF Sunnmøre vert med som arrangør. Eg har prata med Johann Halsne som krinsleiar:

Kvifor ynskjer de å være medarrangør av VEKST denne gongen?

I Imf Sunnmøre tenkjer vi det vil være ein styrke for mange bedehus der både Imf og NLM har sitt arbeid, at forsamlinga kan jobbe seg tettare saman gjennom VEKST. Det vil og gi større slagkraft i framtidig satsing i utviklinga av arbeidet.

Kva type fellesskap tilrår du å vere med på dette?

Vi anbefaler både større og mindre fellesskap å bli med. I VEKST kjem det ikkje ann på antall personar som er aktive, men vilje til endring og teneste for framtida, seier Johan.

Eg har og prata med Jon Ove Holen, regionleiar i NLM nordvest, om dette samarbeidet:

Kvifor går Imf og NLM saman om å arranger VEKST?

Fleire av dei nye forsamlingane som er etablert i regionen, er knytt til både NLM og Imf. Det er derfor naturleg å samarbeide også om oppfølging og utvikling av desse forsamlingane. Vi trur også det vil vere positivt både for konseptet VEKST og for våre forsamlingar å få eit større mangfald av forsamlingar med i opplegget.

Kven tek ein kontakt med om ein er interessert i dette Imf eller NLM?

Om du eller ditt fellesskap er nysgjerrig på kva VEKST er og om det er aktuelt for dykk, kan de ta kontakt med fellesskapsutviklar i NLM nordvest, Steffen Stensland (sstensland@nlm.no). Det er han som har ansvaret for gjennomføringa og han kan svare på spørsmål og forklare meir om konseptet. I haust/vinter vil det verte ei introsamling for dei som er interesserte.

06.08.19 Steffen Stensland