Årets Sommartreff for ImF Sunnmøre vart i svært god helg for dei frammøtte. Godt sosialt samvær og møtesamlingar som vart til oppbygging og nytt mot.

Årets Sommartreff (krinsmøte/årsmøte) for ImF Sunnmøre var lagt til Thon Hotell Fosnavåg. Rolf Kjøde var årets hovedtalar, og Maria Gustin Bergstrøm frå Sverige var med som songar. I tillegg deltok Arild Berstad med team frå Emblem bedehusforsamling, heile 13 songarar og musikarar. Dei fekk bety svært mykje for samlingane denne helga.

Maria Gustin Bergstrøm er ein svensk songar, songforfattar, pastor m.m. som syng sine eigne songar. Ho vert kalla «den nye Lina Sandell» og det er noko ho kan kallast med rette. Hennar songar har allereie vorte ein del av songskatten i Sverige, og er i ferd med å bli det også i Noreg. Ho fekk gje særs mykje gjennom songane sine denne helga. På konserten laurdag kveld deltak også Anna Regine Wada Blom på saksofon.

Rolf Kjøde hadde fått temaet VÅG til sine talar. Vi vart sterkt oppfordra til å våge store ting for Gud, og vente store ting av Gud. Gud vil at vi skal våge å møte menneska rundt oss med det gamle evangeliet om Kristi kross og oppstode. Det var dette Paulus gjorde i møte med si samtid og hans tale til dei vise menn i Athen var utgangspunt for talen søndag føremiddag.

Det møtte 88 utsendingar frå krinsen sine lag og foreiningar, til dette som var årsmøte nr. 137 for ImF Sunnmøre (Sunnmøre Indremisjon). I tillegg til årsmeldingar og rekneskap var det fokus på vegen vidare gjennom gruppesamtalar på forhandlingsmøtet. Generalsekretær i ImF Erik Furnes hadde innleiing til samtale om framtida for indremisjonen laurdag ettermiddag.

Krinsen sine lovar vart også revidert, iall hovudsak gjaldt dette språklige endringar og mindre justeringar i høve dei ulike underavdelingane.

Det nye krinsstyret består av Oddbjørn Brunstad (Sykkylven), Solfrid Ulstein Riise (Ulsteinvik), Ståle Tønnesen (Ulsteinvik), Linda Austnes (Godøya), Leif Steinar Alnes (Alnes), Daniel Haugland (Spjelkavik) og Jan Ivar Stokset (Valderøy).

Anna Regine Wada Blom