Storsamling 8. des 2013 0138.desember var det storsamling på Borgund Folkehøgskule. Samlinga var eit samarbeid mellom Sunnmørskirka og Sunnmøre Indremisjon, og ei av dei tre storsamlingane vi har i løpet av eit år.

Fullsatt sal
Salen var fullsatt av folk i alle aldrar. Vi fekk høyre flott song av Giske Barnekor og koret Kor du E, også frå Giske. Gruppa A2J hadde flotte framsyningar og lovsangsgruppa leda oss gjennom allsongen. Med den flotte songen i bakgrunnen, er det ei stor oppleving å gå til nattverd med fleire hundre andre søstre og brødre, barn, vaksne og eldre, alle viktige i Guds familie. God og rimeleg mat kunne også nytast i etterkant av samlinga, og mange nytte seg av dette tilbodet og sat rundt borda og åt og snakka saman ei god stund etter storsamlinga var avslutta

Storsamling 8. des 2013 022Aktuell tale
Talaren denne samlinga var Karl Arne Austens, krinssekretær i Sunnmøre Indremisjon. «Ei veldig aktuell tale. Han snakka også så fint om det vesle barnebarnet sitt som strigla gyngehesten med neglebørsta», fortalte ei av dei som var med på samlinga.

Søndagsskule for borna
Mens Karl Arne talte for dei vaksne, gjekk barna ned i den nye gymsalen. Der vart dei delt i to grupper, dei frå 3. klasse og oppover i eiga gruppe. Dei minste barna snakka om kvifor Jesus vart født. Stikkord frå samlinga er sjokolade, tusj, matolje og silkepapir.

I den eldste gruppa fekk dei høyre om skomakaren som fekk besøk av Jesus: Det du gjorde for disse, Adjevitj, det gjorde du også for meg.

Storsamling 8. des 2013 028Den nye gymsalen på Borgund folkehøgskule er eit fantastisk bygg, der barna har god plass å leike på, hoppe på «tjukkasen», spele innebandy eller ta det roleg i hobbykråa.
Vi gler oss allereie til neste storsamling
RN