Ruben Lie Monsen

Ruben Lie Monsen

Marit Stokken

Marit Stokken

Indremisjonsbevegelsen i Herøy har gleda av å invitere til fellesmøter på Berge bedehus

frå onsdag 7. til søndag 11. mai. 

Songevangelist Marit Stokken og forkynnar Ruben Lie Monsen blir talarar på møta. Marit Stokken er kjent av mange etter 40 års arbeid som evangelist. Vanlegvis er ho ein del av den landskjente duoen «Marit & Irene». Denne gongen er  ho saman med  den unge forkynnaren Ruben Lie Monsen. Ruben er frå Sotra, er midt i 20-åra og  er ein av dei nye  forkynnarane i Indremisjonsforbundet. Ruben har vore ein kristen i  4 år og har eit frimodig og sterkt vitnemål. Vi ser fram til at folket i Herøy skal bli kjent med han.

Gode lokale songkrefter blir med på fellesmøta. Sjå annonse i Vestlandsnytt på tysdag 6. mai for nærare informasjon. Det blir møte kvar kveld kl 19.30. Bønemøte kl 19.00. På søndag blir det møte kl 11.00.

Indremisjonen ynskjer folk frå heile regionen velkomen  til evangeliske møter på Berge bedehus!