Fantastisk er nok det einaste ordet som kan oppsummere song- og musikkhelga i Fosnavåg 31.08.-02.09.

Her kan du lese meir om helga og sjå bilete og videoklipp:

Det er vanskeleg å skildre flott song, god musikk, sterk og klar forkynning, godt fellesskap, god humor, god mat med meir med enkle ord men vi gjer likevel eit forsøk.

For vel eit år sidan tok Per Sævik (som er godt kjendt på Sunnmøre) kontakt med Radiopastor Johnn R. Hardang i Kristne Riksradio P7 og med Johan Halsne som er krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon med forslag om å få til ei songhelg i Fosnavåg. No veit vi resultatet.

Alle rom på Thon Hotell Fosnavåg var utseld til folk som ville vera med, og det var deltakarara får Trøndelag i nord og heilt sør til Flekkerøya i sør. Mest folk var det sjølvsagt frå Sunnmøre, og mange kom også og var med utan å bo på hotellet. Alle samlingane var i konsertsalen ved hotellet, og sjølv med over 500 sitjeplassane vart det knapt om plassen. På konserten laurdag kveld var det nærare 600 personar tilstades.

Frå Kleksvik på Færøyane kom mannsgruppa Vitin som song alle sine songar på færøyisk. Frå Sverige kom den 28 år gamle songevangelisten Emilie Lindberg som særleg denne helga song songar av Åge Samuelsen. Frå Flekkerøya kom det syngande ekteparet Mette og Roger Sørensen samt Sveinung Kristiansen som er ein kjent songar særleg på Sørlandet. Han er også kjent som solist i Flekkerøyguttene med meir.

Frå Langevåg kom trubaduren Tor Rødseth med sitt band av lokale musikarar. Synnøve og Vegar Voldsund frå Fosnavåg gav oss eit herleg møte med songane frå bedehuset si songbok.  Laurdag kveld deltok  Valderøykvartetten med sin sørstatsgospel på norsk, og på søndag var koret Elkana frå Godøya med.

Dei mange songarane som deltok fekk gje svært mykje gjennom god evangelisk song. Her var song- og musikk i fleire stilartar og variasjoner, men alle hadde ein ting felles, et ynskje om å peika på Jesus Kristus som Herre og Frelsar.

Svært dyktige musikarar under leiing av kapellmester Leif Jacobsen frå Karmøy gjorde ein fantastisk jobb både som akompanører til songarene og med å løfte forsamlingssongen.

(Saka fortsett under desse to vidoane)

Høyr klipp av Emilia Lindberg her:

https://www.youtube.com/watch?v=A_WKSgxnzhY&feature=youtu.be

Høyr klipp av VITIN her:

https://www.youtube.com/watch?v=8qgeQO081Qw&feature=youtu.be

Det var konsert fredag kveld, laurdag føremiddag, laurdag kveld og søndag føremiddag. Johnn Hardang heldt andakt i alle samlingane og dei ulike artistane deltok med song og vitnemål. I biletgalleriet under kan du sjå alle som deltok. Det var også to uformelle samlingar fredag og laurdag kveld kor nokre fekk presentere sin yndlingssong, og vi fekk bli litt betre kjendt med fleire av songarane.

Allereie nå er det bestemt at det vert ei ny song- og musikkhelg på same stad og same tid i 2019. Vi som var tilstades takkar både menneske og Gud for ei flott helg.

(Trykk på bileta for gallerifunksjon – store bilete og tekst).