Fakkeltog for forfulgte kristne

ImF Sunnmøre er en av flere som er med og støtter opp om et av høstens viktigste arrangement – fakkeltog i Ålesund for forfulgte kristne.

Olaug Bjørke i Åpne Dører er hovedansvarlig for arrangementet og skriver følgende:

Mandag, 5.november vert det arrangert Fakkeltog i Ålesund, til støtte for barn og unge i den forfulgte kyrkje. Er det noko som verkeleg skulle engasjere, så er det nettopp tanken på dei millionar av barn og unge som lid, som følge av trua si på Jesus og at dei tilhøyrer ein kristen familie. Denne novemberkvelden har vi høve til å ta dette engasjementet ut i det offentlege rom.

Arrangementet startar på Kipervik-torget kl. 18:30, der det blir song ved Respons, samt opprop og appell med fokus på årets tema. Så vert byens gater fylt av lyset frå forhåpentlegvis fleire hundre faklar, og toget går mot Ålesund kirke. Her vert det ei flott, tverrkyrkjeleg samling med tale, sang og bønn for forfulgte. Linda Askeland, Åpne Dørers informasjonsleiar, er årest talar.

Elles får vi besøk av 19 år gamle Flora frå Irak. Ho vert på mange måtar eit ansikt for dei mange barn og unge vi viser vår støtte til denne kvelden. Flora vil dele vitnesbyrdet sitt; om korleis ho og familien måtte flykte frå Irak som følgje av krig og forfølgelse. Vi vil også få høyre om korleis lyset frå Jesus heldt Flora og familien oppe medan dei var på flukt.

ImF Sunnmøre har støtta opp om Fakkeltog-arrangementet dei føregåande åra, og vi vil også dette året oppmode folk til å bli med og tenne lys i mørket, til støtte for forfulgte kristne.

19 år gamle Flora blir med på arrangementet og forteller sin historie