Når eg no er på vekslingssida og klar til å gje stafettpinnen til nye leiarar vil eg gjerne takke. Takk for den tilliten de viste då eg fekk kallet til å gå inn i leiaroppgåva. Det var aldri i mine tankar å få ei slik oppgåve og eg er takksam til alle i heile bevegelsen Sunnmøre Indremisjon for at de har tatt så godt imot meg desse åra.
Kategoriarkiv: Aktuell kommentar
Vinne, utruste og sende
Desse tre orda er kjerneorda i den nye visjonen vi vedtok i strategiplanen vår. «Vi vil vinne, utruste og sende menneske med evangeliet på Sunnmøre».
Borg i Hundre
Borgund Folkehøgskule er hundre år i år og helga 27. – 28. september blir dette feira med jubileumsfest og jubileumskonsert.
Ny haust og nye moglegheiter
Det er alltid spannande å stå fram for ein ny haust. Dei fleste av oss har vel hatt ein uvanleg fin sommar og lengtar ikkje akkurat etter hausten. Det er så godt med sol og varme og rolege feriedagar saman med familie og gode vener der tankar på arbeid og ansvar får kvile.
Kva er problemet?
Sendt for noko større
27. – 29.mars 2014 er der ein viktig konferanse i Oslo. Det er Dawn Norge som inviterer. Dawn Norge er eit nettverk som arbeider for forsamling og menighetsplanting. ImF står som medarrangør av konferansen.
Skuffande vedtak i bispemøtet
Før helga vart det kjent at bispemøtet har vedteke med 8 mot 4 røyster å opne opp for vigsel av homofile og lespiske.
Sjølv om dette ikkje er overraskande er det like fullt skuffande. Eit slikt syn har ikkje grunnlag i skrifta og må difor avvisast som rett lære etter luthersk tenking. Det at vi i indremisjonen har dette synet handlar ikkje om at vi fordømer menneske med ei homofil legning, men at vi held fast på bibelens ord om at menneske er skapt som mann og kvinne. Det er berre om dette samlivet det er sagt at dei to skal vere eitt. Naturen sjølv vitnar om at dette samlivet er spesiellt, det er berre samlivet mellom mann og kvinne som kan føde barn. Difor har Gud lagt bindingar i mor-far-barn aksen, som menneske er kalla til å halde fast på.
I tilegg er N.T. klar på at når menn eller kvinner lever saman med eige kjønn på same måte som kvinne og mann lever saman i ekteskapet, så er dette synd (1. Kor 6, 9-10).
Korleis skal vi i indremisjonen forhalde oss til dette? Det er lett å bli trøytt og lei av heile debatten, bli mismodig og såra. Nei, vi har ingen grunn til å bli mismodig, no er det viktigare enn nokon gong å bygge livskraftige forsamlingar på bedehuset. Forsamlingar som våger å vedkjenne seg heile Guds ord og som vil leve menneske nært. Dette er vårt kall og dette vil vi med frimot stå i så lenge Herren vil bruke oss i si teneste.

Stortingsvalget
Kva skal eg stemme ved valet og skal eg i det heile stemme? Mange går og grubler på desse spørsmåla no i dagane før valet. Som åndeleg leiar vil eg ikkje ta partipolitiske standpunkt. Kristne menneske er fri til å gjere eigne partipolitiske val ut frå eiga overbevisning og samvit. Les videre