Jostein Emblem (trekkspill) og Kjell Gjelsten deltok med duettsong på jubileumsfesta

Søndag 9. september var det nøyaktig 150 år sidan Ålesund Indremisjon vart stifta. Les meir om jubileumsfesta her.

Ålesund Indremisjon har hatt Ålesund bedehus som sin hovedbase, først i bedehuset som sto ferdig allerede i 1863 og seinare etter bybrannen i dagens bedehus som sto ferdig i 1906. Ålesund Indremisjon har en lang og rik historie og se tilbake på, og på jubileumsfesten vart det gjeve eit grundig attersyn over det som har vore.

I dag er det ein forholdsvis liten men trufast flokk som samlast til til møte søndag føremiddag i Ålesund bedehus. Frammøtet ligg vanligvis på mellom 20 – 30 menneske. Kjell Gjelsten er formann i jubileumsåret og leia jubileumsfesten.

På jubileumsfesten var det song av Asaf frå Valderøya og duettsong av Jostein Emblem og Kjell Gjelsten. Generalsekretær i Indremisjonsforbundet Erik Furnes var hovedtalar og hadde også med helsing frå Indremisjonsforbundet.

Krinsleiar Johan Halsne helsa frå Sunnmøre Indremisjon og fleire andre bar fram helsingar til jubilanten. Mange fine blomsterhelsingar var det også. Som seg hør og bør vart jubileumsfesta avslutta med bløtkake og kaffe.

Radio Sunnmøre har gjort et intervju med Kjell Gjesten i forbindelse med jubileet som du kan høyre her:

https://radiosunnmore.podbean.com/e/alesund-indremisjon-150-ar/

Klikk på bileta for større versjon: