20130908-215805.jpg

Credo Vokal song på jubileums- og samlingsfesten.

Søndag 8. september markerte Sykkylven Indremisjon at det i år er 125 år sidan indremisjonsforeininga i bygda starta opp. Jubileumsfesten var samtidig samlingsfest for arbeidet på bedehuset.

Credo Brass ønskte folk velkomen med flott musikk før formann i foreininga, Bjarne Enstad helsa med Guds ord og bøn.  Johan Aurdal hadde laga attersyn over arbeidet og viste mange bilder som gjorde det interessant og lett å følge med.

Dalsfjordingen Lars Steinsvik kom til Sykkylven i 1852. Han var gripen av Hauge-vekkinga og brann etter å vitne om Jesus. Han vart buande i bygda resten av livet sitt og fekk stor betydning for framveksten av levande kristendom. I Sunnmøre Indremisjon sitt 100 årsskrift står det om han at han var ein varm og stillfarande kar. Han var opptatt av å hjelpe folk utan å kreve vederlag og det smelta isen hjå mange og opna for evangeliet.

I januar 1888 kom Paul Gerhard Sand til bygda. Han var her berre nokre dagar, men det var nok til at den sokalla «Sandstormen» kom til bygda. Det vart ein folkevekkelse som Sykkylven aldri har sett makan til anten før eller seinare. Vekkinga snudde opp ned på folkelivet og folk song når dei rodde til og frå eller når dei gjekk etter vegane.

Same året vart indremisjonsforeininga starta og gjennom dei 125 åra som har gått har det vore drive mykje godt arbeid til velsigning for bygda.

Det vart orientert om planane for arbeidet i haust. Kvar onsdag er det samling om kvelden med bibellesing og bøn. Annakvar onsdag er det formiddagstreff som er godt besøkt. I tillegg til enkeltmøter og bibelhelger har Sykkylven bedehusforsamling forsamlingsmøte annakvar søndag heile hausten.

Krinsleiar Karl Arne Austnes heldt festtalen og helsa frå krinsstyret. Credo Vokal song vakkert og mykje god mat gjorde at folk trivdest og hadde det kjekt i lag.

Vi gratulerer med jubileet og ynskjer lukke til med arbeidet!